Linsesuppe med gulrot, tomat og kikerter

Denne oppskrifta kunne også heita “gulrotsuppe med tomat, kikerter og linser”, eventuelt “tomatsuppe med kikerter, gulrot og linser”. Men altså. Den er kjempegod. Så god at eg ikkje rakk ta bilete av den før den var oppspist. Her er oppskrifta:

2-3 personar

  • 1 liten lauk
  • 2 fedd kvitlauk
  • 1 boks raude linser (eg brukte Go Green sine)
  • 1 boks kikerter (Go Green her også)
  • 1/2 boks knuste tomater
  • 2 medium gulrøter
  • ei klype spisskummen
  • ei klype chilipulver
  • 1 liter grønsaksbuljong
  • ein god klunk matfløyte
  • pepper

Skrell og rasp gulrøtene på ei grov rasp. Hell av linsene og kikertene og skyll dei godt i eit dørslag. Kutt lauk og kvitlauk i småbitar og steik i litt olje i eit minutts tid. Ha så i linser og raspa gulrot. Strø over krydderet og bland godt, før du heller over grønsaksbuljongen, tomatene og matfløyten. La dette koke i eit kvarter – tjue minutters tid før du køyrer gjennom med ein stavmiksar. Ha til slutt oppi kikertene og la suppa få eit oppkok.

Server gjerne med nysteikte rundstykker, f eks kjapprundstykkene mine:

6 rundstykker

  • 4 dl kveitemjøl
  • 1/2 pakke tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 2-3 ss olje
  • nok varmt vatn til at det blir ein fin deig

La deigen heve eit kvarters tid medan du kuttar opp grønsakene til suppa. Eg pleier å setje bakebollen i varmt vatn i vasken med eit håndkle over. Trill ut rundstykkene og legg på ei bakeplate, det er ekstra godt om du penslar over med litt vatn og strør valmuefrø på. Legg håndkle over og hev dei i ca 20 minutt til medan du sysler med suppa. Steik på 200 grader til dei er gylne på toppen, omtrent eit kvarter eller så.

Bån apetit!

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s