Marengs

Som kronisk snopesjuk byrja eg tidleg å leite i oppskriftsbøkene etter ting eg kunne laga sjølv. Etter å ha blitt mektig kvalm av eggedosis (som var det bror min laga då han ville ha noko godt) fann eg altså oppskrifta på marengs, og det er den dag i dag ein snopefavoritt for meg. Det er kjempelett å laga, berre sjå:

Ingrediensar:

  • 60 gram sukker per eggekvite.

Jepp, så lett. For kvar eggekvite du bruker, så skal du ha 60 gram sukker. Eg pleier å bruka 4 kviter, ergo 240 gram sukker, då fyller eg to heile bakeplater med marengstoppar. Det blir ein full middels stor kakeboks. Om du treng ein viss mengde til oppskrifta di kan du like greit laga meir enn du treng, for resten kan du snaske i deg nårsomhelst. Nam.

Merk: ein del oppskrifter seier at du skal bruke ei teskei eddik eller sitronsaft (altså, syre) for at marengsen skal bli ordentleg stiv. Eg har ikkje merka nevneverdig forskjell i stivheit ved å kutta ut syren, men om du vil bruka det, så anbefalar eg sitronsaft. Eddik kan setja bismak.

Framgangsmåte:

  • Ha eggekviter og sukker (og evt syre) i ein bolle, og pisk det heile stivt. Det tar tid, så bruk maskin. Du bør rekne 10-15 minutter med pisking, du skal kunne halde bollen opp-ned utan at noko renn ut.
  • Avhengig av kva form du vil ha på marengsen så sprer du det no i ei rund springform (dersom du skal lage kakebotn), legg ut eit par spiseskeier og flater det ut litt (om du skal laga porsjons-pavlova), eller har det i ein sprøytepose og lagar søte små toppar av det slik som på biletet under. Skal du laga Verdens Beste (Kvæfjordkake) spreier du det i ei langpanne. Marengs kan brukast til så mangt!
  • Steik det heile langsomt på svak varme. Akkurat lengde og styrke varierer litt, men eg pleier å ha ovnen på 100 grader og steika til marengsen er sånn eg vil ha den, gjerne ein time eller meir. Eg vil i alle fall ikkje anbefala å steika på meir enn 120 grader, det kan lett svi seg. Enkelte sverger til veldig lav varme og kjempelang steiketid, type femti grader over natta – dette har ikkje eg prøvd, men skal visstnok vera metoden å få ein heil kakebotn tørr heilt gjennom. Marengs kan nemlig bli seig inni, og då er det vanskeleg å skjære i kaka utan at kakespaden sit fast. Nettopp derfor sverger mamma til det å laga små marengstoppar og bruka mange av dei som kakebotn i staden, for då blir kaka lett å skjære.
  • Konditorfarge er vel og bra, men hold deg til dei kjente, kjære fargane du får i vanleg matbutikk. Eg ville laga stilig marengs til Halloween eit år og blanda i både svart og mørkegrøn farge frå spesialbutikk, men den fargen tålte ikkje steiking, gitt.

Velbekomme!

Konditorfarge ftw.

Konditorfarge ftw.

 

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s